Fargerike Bømlo

Våre tjenester

Fargerike Bømlo

Fargerike Bømlo er ein fargehandel som ligg lokalisert i enden av HSD senteret på Svortland. Her finn du det du treng til ditt oppussingsprosjekt.

Hos oss finn du eit stort utvalg innan maling, verktøy, interiørartiklar, golv, tepper og tapet. Me fører mange typer maling og beis, både til interiør og eksteriør. Me har og ein stor tapetavdeling med et bredt utvalg av tapetar. Med ca. 150 tapetbøker å bla i, finn ein garantert noko for einkvar smak.

Våre ansatte hjelper deg gjerne med å sette saman fargepalettar, golv og tapetar slik at du får ditt personlege preg på heimen. Hos oss kan du bestille måltilpassa solskjerming til dine vindauge, alt frå rullegardiner og persienner til lamellgardiner, i akkurat den stilen du ynskjer. Om du vil ha hjelp til montering og/eller oppmåling av vindauge, gjer me det også.

Hos Fargerike Bømlo  er me ein kreativ gjeng med fagkunnskap og kompetanse, og om du vil ha ei komplett løysning og synes det er vanskeleg å ta vala sjølv, kan me kome heim til deg.